Aktive og sjølvstendige eldre: tilrettelegging og hjelpemidlar
Å vere med på å skape eit berekraftig velferdssystem og bidra til gode og aktive liv for landets eldre står sentralt i arbeidet til NAV Hjelpemidler og tilrettelegging. No har dei signert som samabeidspartnar med Senteret for et aldersvennlig Norge.
Artikkelen er over ett år gammel, informasjonen kan være utdatert.
Gjennom hjelpemiddel og ulike tilpassingar gjer NAV Hjelpemidler og tilrettelegging det mogleg for personar med nedsett funksjonsevne å leve sjølvstendige og aktive liv i sin eigen heim.
− I eit aldersvennleg Noreg skal vi kunne halde oss aktive, delta saman med andre og bu heime i eit tilgjengeleg nærmiljø så lenge som mogleg. Derfor er vi glade for å ha NAV med på laget, og meiner det ligg mange spennande høve til samarbeid i dette partnarskapet, fortel Nina Myklebust, ansvarleg for partnarordninga i senteret.
Tilrettelegging for å unngå einsemd
Ferske rapportar og undersøkingar viser at vi ønskjer å bu heime og klare oss sjølv så lenge som mogleg, og tilpassing av bustad er eit tilbod frå NAV Hjelpemidler og tilrettelegging. Det handlar primært om tilpassingar av eksisterande bustadmasse.
NAV er opptekne av at tilrettelegginga ikkje skal føra til einsemd.
− Det er viktig å sjå dei tekniske tiltaka på bustaden i samanheng med livssituasjonen og behovet innbyggjaren har for tenester, understrekar Frode Selbo, spesialrådgivar i styringseininga for NAV Hjelpemidler og tilrettelegging.
− Bustaden er grunnleggjande for å kunna ha eit godt liv. Men det er mange som ikkje har høve til å flytte til eigna bustader. Vi må samhandle og koordinere oss godt for å kunna leggje til rette og skape dei beste føresetnadene for at folk skal kunne bu godt og ha eit godt, aktivt liv, meiner han.
Samarbeid for eit berekraftig velferdssystem
Og nettopp samhandling og samarbeid er også noko av bakgrunnen for at NAV går inn i partnarskap med senteret.
− Vi må sikre eit berekraftig velferdssystem også for framtida. Det utfordrar oss alle til å tenkje nytt og innovativt. Vi vil bli utfordra på kapasitet, effektivitet, kompetanse, samhandling, tidleg innsats, informasjonsarbeid og nytenking om verkemiddel og moglegheiter. Her ser vi store fordelar og moglegheiter med samarbeidet, seier Frode.
Møte det auka behovet for tilrettelegging og hjelpemiddel
NAV Hjelpemidler og tilrettelegging er lokalisert i alle fylka i landet og er klar over at demografiendringane vil påverke dei betydeleg.
− Vi ser ein auke i behovet for tilrettelegging og hjelpemiddel i befolkninga generelt, spesielt blant eldre. Samstundes må vi sørge for at alle, uavhengig av alder kan ha gode og meiningsfyllte liv der dei meistrar kvardagen. Vi ønskjer å bidra til at så mange som mogleg kan ha gode liv og delta, meistra og vera aktive trass i funksjonsutfordringar, poengterer Frode.
Han understrekar at dette også betyr at fleire kan bidra til verdiskaping og inkludering i samfunnet.
− God tilrettelegging og eigna hjelpemiddel kan vere avgjerande for at den enkelte kan oppleve eit godt liv prega av meistring, deltaking og aktivitet. Det vil vera spesielt viktig å komme den aukande gruppa som står utanfor det ordinære arbeidslivet i møte, med tenester som legg til rette for at dei kan delta, bidra og meistre kvardagen. Dei eldre er ein viktig ressurs for framtida.
Planlegging for alderdommen
Gjennom informasjonskampanjen planleggelitt.no arbeider Senteret for et aldersvennlig Norge for at den enkelte skal gjere seg nokre tankar og legge ein plan for korleis ein ønskjer å bu og leva når ein blir eldre.
− Naturlegvis er det få som planlegg for ein alderdom med nedsett funksjonsevne og behov for tilrettelegging eller hjelp. Men når behovet melder seg, er det godt å ha ein hjelpemiddelsentral i kvart fylke som kan hjelpe til med bustadtilpassing og hjelpemiddel.
− Dei kan saman med kommunen ein bur i bidra til at ein kan halde fram med å leve eit godt og aktivt liv både innafor og utafor huset sine fire veggar. Også Stortingsmeldinga Fellesskap og meisting - Bu trygt heime vektlegg korleis vi arbeider for at alle kan bu trygt og godt heime i eigne bustader så lenge som mogleg, slik me ønskjer det, avsluttar Nina.
OM NAV Hjelpemidler og tilrettelegging
NAV Hjelpemidler og tilrettelegging er organisert som NAV Hjelpemiddelsentral med lokasjonar i kvart fylke: Gjøvik, Elverum, Greåker, Oslo, Drammen, Sandefjord, Skien, Lillesand, Stavanger, Bergen, Førde, Ålesund, Trondheim, Levanger, Bodø, Tromsø, Lakselv. Styringseininga er plassert i Oslo.
Dei sit på kompetanse innan rehabilitering, tilrettelegging og hjelpemiddel, og bistår personar med nedsett funksjonsevne i samarbeid med kommunane og andre.