Asle er ny seniorrådgivar i senteret

Postet: 17.06.24 (oppdatert 17.06.24)
Asle sitter i en sofa og smiler til kamera
Asle Gjermundrød er på plass i Senteret for eit aldersvennleg Noreg. Foto: Senteret for eit aldersvennleg Noreg

Senteret for eit aldersvennleg Noreg held fram med å vekse; Asle Gjermundrød er på plass som seniorrådgivar i Ystensgata 6B. Han vil etter kvart bli eit kjent fjes for medlemmene i Nettverk for aldersvennlege lokalsamfunn.

– Nettverk for aldersvennlege lokalsamfunn er eit av dei største kommune-nettverka i landet. Kommunane jobbar godt, og aktivitetane og oppdraga for oss i senteret blir stadig fleire. Vi er veldig glade for å ha Asle med på laget. Han vil bli ein viktig støttespelar og sparringspartnar for kommunane i nettverket, seier Wenche Halsen, leiar i Senteret for eit aldersvennleg Noreg.

Aldersvennleg inn i planarbeidet

Asle har ein allsidig bakgrunn både når det gjeld utdanning og jobberfaring. Han har ein master i leiing og ein bachelor i økonomi og administrasjon. Han kjem frå stillinga som leiar for ulike stab/støtte-funksjonar i kommuneadministrasjonen i Ulstein kommune. Før det var han med å etablere det nasjonale Eldreombodet.

– Eg trur det kan vere ein fordel å ha jobba i ei middels stor kommune. Eg kjenner godt forvaltninga, prosessane og dei utfordringane mange kommunar står framfor i dag, fortel Asle.

– Kommuneproposisjonen for 2025 samanfattar dette ganske så godt. Det kan vere krevjande med aldersvennleg planlegging når kommuneøkonomien er utfordrande. Men desto viktigare er det å få aldersvennleg inn i planarbeidet og dei underbyggande aktivitetane som kan etablerast i lokalsamfunnet.

Ein heilmaraton – ikkje ein sprint

Bu trygt heime reforma har gode og klare ambisjonar for korleis eldre kan bu trygt heime lengre med betre planlegging, styrkt førebygging og meir målretta tenester. Her spelar kommunane er viktig rolle.

– Å bidra aktivt inn i det nasjonale nettverket gleder eg meg til, fortel Asle.

– Det å kunne skape ein arena for samhandling, opplysning og erfaringsutveksling har eg stor tru på. Det å etablere aldersvennlege lokalsamfunn er ikkje ein sprint, men ein heilmaraton. Og då er det viktig å dele opp i etappar undervegs for å komme i mål.

– Eg gleder meg til å kunne bidra inn i det flotte og viktige arbeidet senteret gjer for å skape eit aldersvennleg samfunn, avsluttar Asle.