Det samiske perspektivet skal styrkjast i arbeidet med eit aldersvennleg Noreg
18. mars la regjeringa fram ei ny stortingsmelding om Samisk språk, kultur og samfunnsliv. I meldinga går det fram at regjeringa ønskjer å styrke det samiske innslaget i arbeidet med aldersvennleg utvikling.
Meldinga byggjer på folkehelsemeldinga som regjeringa la fram våren 2023, kor utjamning av sosiale helseforskjellar er eit gjennomgåande tema og overordna målsetjing.
– Det er det som skjer nært der vi lever liva våre som er med å påverke kor god helse og livskvalitet vi får. Det samiske perspektivet har ikkje vorte løfta fram nok i det arbeidet, og det prøver vi å gjera noko med, sa helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol under framlegginga.
Aldersvennleg samfunnsutvikling
Også samiske samfunn blir påverka av dei demografiske endringane, og i meldinga vert det løfta fram at det samiske perspektivet skal styrkjast i arbeidet med eit aldersvennleg Noreg.
– Det er viktig å leggje betre til rette for ein god og aktiv alderdom for eldre med samisk bakgrunn, understreka Kjerkol under framlegginga.
– Saman må vi både forstå utfordringane som den samiske befolkninga opplever, og vere klar over ressursane og moglegheitene i den samiske befolkninga som er ein del av løysingane. Det legg denne stortingsmeldinga til rette for.