Digitalt utanforskap - eit demokratisk problem

Postet: 18.06.24 (oppdatert 19.06.24)
Fire personer står oppstilt ved siden av hverandre og ser i kamera
Wenche Halsen (sekretariatet), rådsleiar Berit Brørby, Tomas Norvoll (statssekretær Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet) og Line Gaare Paulsen (rådsmedlem frå IKT Norge).

Digitalisering generelt og digital tryggleik spesielt er tema som opptek Rådet for eit aldersvennleg Noreg. Nyleg var representantar frå rådet i møte med statssekretær Tomas Norvall i Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet. Temaet var digital inkludering og betydninga av personvern.

Artikkelen er 120 dager gammel, informasjonen kan være utdatert.

– At så mange som 600 000 er svakt eller ikkje digitale er eit demokratisk problem. Vi er i ferd med å lage eit A-lag og eit B-lag her i landet, seier Berit Brørby, leiar i rådet for eit aldersvennleg Noreg.

Ho får støtte av statssekretæren.

Det hastar med tiltak

Ei av årsakene til at mange ikkje er digitale, er frykt. Frykt for å ikkje få det til og frykt for å bli lurt og svindla. Og det er ikkje utan grunn. Eldre er ei utsett gruppe med tanke på svindelforsøk, og det er nødvendig med bevisstgjering. Samtidig er det behov for å få fleire digitale, og då kan me ikkje fokusere for einsidig på svindlarane.

– Det må gjerast tiltak for å få fleire med og det hastar, understrekar Brørby som i møte med statssekretæren hadde med seg forslag knytt til moglegheiter og tiltak rådet meiner det er nødvendig å setja i verk, understrekar Berit.

– Nasjonale styresmakter må ta innover seg kostnaden av at så mange ikkje er digitale.

Digitalisering på agendaen i rådet

Personvern og brot på dette er også ei utfordring for "hjelparane". Familiemedlemmer eller andre, til dømes heimetenesta, som skal hjelpe til med pålogging og anna, bryt personvernlova gjennom å måtte ha tilgang på kodar og passord.

Her må det nytenking til for å løyse utfordringane.

Digitalisering er eit av dei strategiske satsingsområda til rådet og fast tema på rådsmøta. På juni-møtet vart løysingar og kva som må til diskutert.

– Det blir brukt milliardar på digitalisering kvart år, medan det blir så godt som brukt null på å få dei som er digitalt utanfor med seg, seier Berit.

Ho fortel at det blir gjort gode enkelttiltak, til dømes opplæring gjennom frivillige organisasjonar og bibliotek.

– Men tiltaka er fragmenterte og lite heilskaplege. Det er behov for både meir innsikt i kva som blir gjort og kva som verkar, og deretter etablere heilskaplege tiltak som sikrar fleire digitale og at færre fell frå, avsluttar Berit.  

Kva tiltak og behov rådet meiner må til knytt til digital inkludering, personvern og digital tryggleik blir også tema når rådsmedlemmane samlast i august.