Eldreråd får tilbod om opplæring i aldersvennleg utvikling

Postet: 20.06.23 (oppdatert 20.06.23)

Frå 2024 tilbyr Senteret for et aldersvennlig Norge eit spennande opplæringstilbud for landets eldreråd. Her får dei moglegheit til å utforske korleis dei kan bidra til aldersvennleg samfunnsutvikling og sikre ei sterkare stemme for eldre i sin kommune.

Artikkelen er over ett år gammel, informasjonen kan være utdatert.

− I tilbodet vil vi leggje stor vekt på korleis eldreråda kan bidra og medverke i utviklinga av aldersvennlege lokalsamfunn. Samstundes vil vi gje dei ei god introduksjon til rolla dei har og kan ta som eldreråd, fortel prosjektleiar Ingrid Køhler Knutsen.

− Det handlar om å vere trygg i rolla slik at dei kan vere ein god representant for eldrebefolkninga i sin kommune, held ho fram.

Kombinasjon av digitale og fysiske samlingar

I tillegg til eldreråda, rettar tilbodet seg òg mot kommunens administrative medarbeidarar og andre kommunale- og fylkeskommunale folkevalde.

Tilbodet vil bestå av ein digital del og ein dag med fysisk samling der det blir lagt vekt på refleksjon og diskusjon i grupper.

− Den digitale delen av opplæringa vil handle om korleis det er å arbeide i eit eldreråd. Den blir særleg nyttig for eldrerådsmedlemmer som ikkje får tilgang til annan generell folkevalgtopplæring eller som ønskjer ei repetisjon, forklarar Ingrid.

Aldersvennlege innsatsområde

Den fysiske samlinga vil hovudsakleg ta for seg dei aldersvennlege innsatsområda: bustad, transport, plan, uteområde og universell utforming, medverknad, kommunikasjon og samfunnsdeltaking.

− Eldre handlar om mykje meir enn helse- og omsorg. Dei fem ulike innsatsområda gjer det klart at aldersvennleg utvikling berører ei rekke ulike kommunale sektorar," forklarar Ingrid.

Det blir òg lagt opp til diskusjon, refleksjon og erfaringsutveksling mellom deltakarane.

− Her får deltakarane moglegheit til å møte andre i same posisjon og knyte kontaktar på tvers av kommunegrensene, seier Ingrid med eit smil.

Meld interesse

Opplæringa vil bli gjennomført i løpet av det første halvåret i 2024, etter at dei nye eldreråda er på plass. Dei fysiske samlingane blir gjennomført fylkesvis. Deretter vil det i løpet av valperioden bli tilbod om endå meir temaspesifikke kurs.

− Tilbodet er gratis. Deltakarane må dekke reiseutgiftene til den fysiske samlinga. Det kjem meir informasjon om innhaldet og den praktiske gjennomføringa rett over sommaren, men dersom det allereie er kommunar som vurderer å nytte seg av dette tilbodet, kan dei gjerne ta kontakt med meg, smiler Ingrid.

Bakgrunn for tilbodet

Utviklinga og gjennomføringa av opplæringa for eldreråda skjer på oppdrag frå Regjeringa, med ønskje om å styrkje medverknad og reell innflytelse for eldre innbyggjarar overfor kommunestyret i saker som berører dei eldre.

− Eldreråda har lenge etterspurt betre opplæring. Tilbodet vi no skal gje, skjer i samarbeid med KS, Pensjonistforbundet og andre seniororganisasjonar. Det vil passe godt som fordjuping i den generelle opplæringa for folkevalde og dei lovpålagde rådgivande organa i kommunen, avsluttar Ingrid.

Pilot i 2022

Eldrerådsopplæring-DSC09756.JPG

Hausten 2022 gjennomførte Senteret for et aldersvennlig Norge ein pilot for opplæringa med deltakarar frå Vestfold og Telemark. Tilbodet som no er i ferd med å bli utforma, byggjer i stor grad på piloten og tilbakemeldingane derifrå.

 

Ingrid Køhler Knutsen

Prosjektleder

Telefon: +4740226475