Folkehelseprofilane har helsa til eldre som tema
Folkehelseprofilane for 2024 er publisert. Dei gir informasjon om helsetilstanden til befolkninga og kva som påverkar den i kommunar og bydelar. I år er det helsa til eldre som er tema, og betydinga av å leggje til rette for eit aldersvennleg samfunn blir løfta fram.
– Det er mogleg å påverke helse og funksjon gjennom heile livsløpet, også i eldre år. Å leggja til rette for helsefremjande levevanar gjennom heile livet er viktig for ein god alderdom, seier Bjørn Heine Strand, aldringsforskar ved Folkehelseinstituttet på fhi.no.
Leggje til rette for aldersvennlege lokalsamfunn
Helse og funksjon, livskvalitet og førebygging gjennom livsløpet er noko av det profilane i år seier meir om. I tillegg er det eigne avsnitt om eldre som ressurs og det tverrsektorielle ansvaret det er å leggje til rette for eit aldersvennleg samfunn.
– For å gjera det enklare for eldre å leva aktive liv, er tilrettelegging av fysiske omgivnader og framkomme viktig. Til dømes gjennom tydeleg skilting, god belysning og brøyting og strøing av gang- og turvegar, fortsettar Strand.
Om folkehelseprofilane
Folkehelseprofilane er unike rapportar for kvar av kommunane i landet, og for bydelane i Oslo, Bergen, Trondheim og Stavanger. Profilane er eit grunnlag for det lokale arbeidet med å betre folkehelsa.
Folkehelseinstituttet er ansvarleg utgivar av profilane for 2024. Profiler for 2025 og fremover vil bli publisert av og frå Helsedirektoratet.
Her kan du laste ned folkehelseprofilen for din kommune, bydel eller fylke
Les meir om helsa til eldre på Folkehelseinstituttet sine temasider