Forankring av aldersvennleg i kommunale planar

Postet: 25.09.24 (oppdatert 25.09.24)
Pcer og skrivesaker på et møtebord.
Illustrasjonsfoto: Unsplash

Aldersvennleg er både eit mål og ein metode, der medverknad og samarbeid på tvers er sentrale element. For mange kommunar er 2024 året for å arbeide med planstrategiar, og det er viktig å få aldersvennleg inn i planverket for å sikre draghjelp og auka bevisstgjering om emnet.

Korleis kommunane kan forankre arbeidet med aldersvennleg i dei kommunale planane var tema for "Plantimen" som mange av kommunane i Nettverk for aldersvennlege lokalsamfunn deltok på 20. september. Der presenterte Oslo, Ulstein, Gloppen og Bærum ulike måtar dei har fått forankra aldersvennleg i planane sine.

Sjå opptak av møtet her.

Auka bevisstgjering og felles mål på tvers

Det å få forankre aldersvennleg i dei kommunale planane bidreg til å møte dei demografiske endringane på ein berekraftig måte, og å bevisstgjere politikarar og innbyggjarar.

─ For å lykkast med aldersvennleg samfunnsutvikling, er det avgjerande å ha ei felles forståing av kva aldersvennleg inneber og kvifor det er viktig. Dette krev tverrfagleg samarbeid, god forankring med dei folkevalde, og ein kultur for medverknad og samarbeid på tvers av generasjonar, understrekar Anne Berit Rafoss, prosjektleiar i Senteret for eit aldersvennleg Noreg.

Aldersvennleg som omgrep

Begrepet “aldersvennleg” er nytt for mange og det treng forklaring og eksemplifisering. Aldersvennleg gjeld for alle aldrar, men tek utgangspunkt i demografiske endringar. Derfor heiter det aldersvennleg og ikkje eldrevennleg. 

Aldersvennleg planlegging handlar om å leggje til rette for at eldre kan bu trygt heime, delta aktivt, leve sjølvstendige liv og bevare helsa så lenge som mogleg. Aldersvennleg planlegging må difor inn på ulike nivå og i fleire sektorar. Demografiendringane er ikkje berre noko som helse- og omsorgssektoren møter.

─ Samfunns- og arealplanlegginga sikrar fysiske lokalsamfunn og sosiale arenaer som er inkluderande og varierte. Aldersvennleg må difor vere ein raud tråd i heile plansyklusen heilt fram til handlings- og økonomiplanar vert banka gjennom i kommunestyret, forklarer Anne Berit. 

Oslo har forankra aldersvennleg i arealdelen i kommuneplanen

At aldersvennleg er bra for alle aldrar understreka også Marianne Aas frå plan og bygningsetaten i Oslo kommune i plantimen. Ho peika på at dei erfarer at det i veldig liten grad er ein konflikt mellom å prioritere  aldersvennlegheit i byutviklinga og mange av dei andre måla Oslo har for byutviklinga.

─ Viss eit byrom er utvikla aldersvennleg, så er det ofte godt både i forhold til å førebyggje kriminalitet, godt for barn og familiar, og det vil vere universelt utforma. Det tek i vare moglegheitene for at mange skal kunne bruke det, forklarte Marianne. 

─ Men samtidig så er det ikkje slik at aldersvennleg automatisk blir dekt av å følgje opp dei andre måla. Derfor har vi vore opptekne av å få det inn spesifikt i planane.

Marianne viste til at Oslo gjerne utviklar 40 ulike byrom og sentrum samtidig, og at det som står i planane er det som gir føringar for kva som blir prioritert. 

Forankring i ulike planar og strategiar

Undervegs i plantimen poengterte også fleire av kommunane at prosessen fram til endeleg vedteken plan, er like viktig som sjølve planen. Det handlar om å få fleire til å ta eigarskap til han.

Eit anna viktig poeng er at dersom aldersvennleg ikkje blir forankra i kommuneplanen, arealdelen eller samfunnsplanen, så finst det likevel andre moglegheiter.

─ Både Bærum og Gloppen viste oss gode døme på korleis dei har laga eigne strategiar og temaplanar der aldersvennleg er forankra, fortel Anne Berit.

Last ned døme på tekst om aldersvennleg til høringsinnspel til planstrategien (word).

Sjå også KS sin Håndbok for aldersvennlege lokalsamfunn for fleire tips til korleis du kan forankre aldersvennleg i plankretsløpet. 

Meld deg på vårt nyhetsbrev

Bli oppdatert på siste nytt fra senteret og arbeidet med et aldersvennlig Norge.