Helsepolitisk barometer: Vi planlegg for livet som pensjonist

Åtte av ti nordmenn meiner at den enkelte må ta større ansvar for eiga helse, sosialt liv og eigen bustadsituasjon for å sikre seg ein god alderdom. Og vi er flinke til å planleggje. Både for eigen økonomi og bustad.
Det viser tala i Helsepolitisk barometer som Kantar har gjennomført for mellom andre Senteret for eit aldersvennleg Noreg.
− Dei siste fem åra har det vore ei stabil brei semje om at kvar enkelt må ta større ansvar for eiga helse, sosialt liv og eigen bustadsituasjon for å sikra seg ein god alderdom. Og ansvar det tek vi, seier Wenche Halsen, leiar i Senteret for eit aldersvennleg Noreg.
− Barometeret viser at fleire har gjort seg tankar, eller lagt ein plan for å få det tilværet dei ønskjer som pensjonistar. Det er gledeleg. Når me veit at me lever nær ein tredel av livet vårt etter at me har vorte pensjonistar, er det fint å sjå at mange legg planar for å sikre seg ein god alderdom.
Oppslutninga søkk blant dei eldste
Både semja om, og støtta til å ta ansvar for tilværet aukar med alderen. Nærare ni av ti over 60 år er heilt eller delvis samd i at den enkelte må ta større ansvar. Men oppslutninga søkk blant dei eldste samanlikna med tidlegare år.
I 2023 meinte 93 prosent av dei over 75 år at folk må ta større ansvar for eigen alderdom, medan talet sokk til 86 prosent i 2024 og vidare ned til 85 prosent i år.
Økonomiplanlegging på topp
Planlegging er ein viktig del av det å ta ansvar. Åtte av ti svarar at dei har lagt ein plan eller gjort seg tankar om korleis dei skal få det slik dei ønskjer som pensjonistar.
Økonomien er det folk først og fremst legg planar for. Her svarer halvparten av befolkninga – uansett alder, at dei har lagt planar.
Vidare har vi også lagt planar for korleis vi skal halde oss fysisk aktive når vi blir eldre. Det å kunne vere fysisk aktiv er blant det vi meiner vil vere viktig for eit godt liv som pensjonist.
Det er aldri for seint
Sjølv om vi er gode på planlegging, peikar Wenche på at det framleis er mange som skyv det å bli eldre framfor seg. 11 prosent av dei over 60 år svarer at dei ikkje har lagt planar eller tenkt på korleis dei vil ha det som pensjonistar.
– Vi planlegg for det meste her i livet, og då er det også naturleg at vi skal leggje planar for dei siste 20 - 30 åra. Skal du gjere grep og endringar er det viktig å få det gjort før det er for seint, seier Wenche, og understrekar betydninga av at vi må få hjelp den dagen vi treng det.
Ei av oppgåvene til Senteret for eit aldersvennleg Noreg er å gjere innbyggjarane bevisst på kor viktig det er å planleggje for åra som pensjonist. Bli inspirert på planleggelitt.no.
Hovudfunn frå senteret sine spørsmål
- 79 % meiner at den enkelte sjølv må ta større ansvar for eiga helse, sosialt liv og eigen bustadsituasjon for å sikra seg ein god alderdom.
- 79 % i aldersgruppa 45-59 år har lagt planar eller gjort seg opp nokon tankar om korleis dei skal få det slik dei ønskjer som pensjonist.
- 12 % av dei over 75 år har ikkje planlagt noko.
- 49 % har lagt planar for korleis dei skal sikre seg ein trygg økonomi som pensjonistar. Dette går likevel tilbake frå 53 % i 2024.
- Familie og venner (61 %), bu heime lengst mogleg (48 %) og moglegheit for fysisk aktivitet (48 %) er det flest meiner vil vere viktig når dei blir pensjonistar.
- 27 % har planlagt eller gjort seg tankar om korleis dei skal halda seg sosialt aktive som pensjonistar, og det er berre 25 % som svarer at tilgang til sosiale aktivitetar er blant det viktigaste når dei blir pensjonistar.
- Verdsetjinga av å kunna bu heime lengst mogleg aukar med alderen: 75 % av 75 år+ svarer at dette er viktig.
- På spørsmål om kva tenester ein er villig til å betala for slik at ein kan bu heime lengst mogleg, er det reingjering som toppar lista med 50 %, etterfølgd av praktisk hjelp i heimen (35 %) og snømoking/plenklipping (33 %).
- På spørsmål om kva ein meiner det offentlege bør betale, er det regelmessig tilsyn flest (57 %) peikar på, deretter reingjering (33 %) og praktisk hjelp i heimen (23 %). Til samanlikning meinte heile 45 % at det offentlege skal betale for praktisk hjelp i heimen i 2024.
- Betalingsviljen for reingjering og regelmessig tilsyn aukar etter 60 år.
Om Helsepolitisk barometer
- Helsepolitisk barometer er ei uavhengig undersøking, utvikla og eigd av marknadsanalysebyrå KANTAR.
- Formålet med undersøkinga er å kartleggja haldningane til befolkninga i helsepolitiske spørsmål.
- Samarbeidspartnarar i årets Helsepolitisk barometer er mellom anna Senteret for eit aldersvennleg Noreg, NHO Geneo, Pårørendealliansen, Psykologforeningen m.fl.
- Undersøkinga har i overkant av 2000 respondentar. Utvalet er representativt for befolkninga over 18 år.
- Datainnsamling er gjord mellom 13. desember 2024 og 2. januar 2025