Hils på Olav, vår nye kollega

Av: Tina Kjensli Dyrseth
Postet: 09.05.23 (oppdatert 09.05.23)
Olav Sæbø er ansatt som rådgjevar i Senteret for et aldersvennlig Norge.
Olav Sæbø er ansatt som rådgjevar i Senteret for et aldersvennlig Norge.

Olav Sæbø er på plass i Ystenesgata 6B i Ålesund. Han vil bli eit kjent fjes for dei nye eldreråda som kjem på plass etter valet til hausten.

Olav er utdanna adjunkt med tilleggsutdanning, og kjem frå rolla som lærar ved Grytestranda Montesorriskule. Han har og tidlegare erfaring som både inspektør og avdelingsleiar. Som rådgjevar i senteret skal han være sentral i utviklinga og gjennomføringa av kursprogrammet for eldreråda som er gitt i oppdrag frå regjeringa.

− Gjennom arbeidet i skulen har eg god erfaring med kurs både fysisk og via ulike digitale løysingar. Eg ser fram til å få komme i kontakt med eldreråda, og få lære meir om kva utfordringar, men også positive opplevingar og erfaringar dei har, seier Olav.

− Så håpar eg at eg kan få være med å hjelpe dei til å få enno betre gjennomslag i sine kommunar for det dei meiner er viktig. Få være med å støtte og heie fram gode forslag og idear.

Resursane i eldreråda

Den sindige romsdalingen gler seg til utfordringa der han kan bruke kunnskapen og erfaringa som pedagog på ein ny måte – og innanfor eit heilt nytt område.

− Eg har eit grunnleggjande positivt menneskesyn. Har god tru på dei rundt meg, og meiner alle skal ha høve til å realisere seg sjølv. Dette skal og gjelde dei eldre i samfunnet vårt.

− Det viktig for meg at det er eit arbeid der eg kan få være med å bety noko for kvardagen til folk. Å få nye kontakter rundt omkring i landet trur eg skal bli veldig kjekt. Og ikkje minst gler eg meg til å få møte nokre av alle dei ressurspersonane som sit i eldråda rundt omkring. Trur vi alle har mykje vi kan lære av dei, avsluttar Olav.