Husbanken med ny representant i Rådet for et aldersvennlig Norge

Postet: 16.10.23 (oppdatert 16.10.23)

Som ny administrerende direktør i Husbanken, har Jan Hjelle teke plass i Rådet for et aldersvennlig Norge. Det opplever han som verdifullt av fleire grunnar.

Artikkelen er 326 dager gammel, informasjonen kan være utdatert.

I august overtok Jan Hjelle stafettpinnen som Husbankens representant i Rådet for et aldersvennlig Norge etter Osmund Kaldheim.

Vi har teke ein kjapp prat med den nye direktøren i Husbanken om kvifor han meiner det er viktig å ha en stemme i rådet. Og ikkje minst kva han legg i omgrepet aldersvennleg – sett frå Husbanken sitt perspektiv.

Gode og trygge bustadløysingar

Vi startar med det siste først. Kva handlar aldersvennleg om for Husbankens direktør?

− Det er ikkje eit spørsmål det er lett å svare kort på fordi det omfattar så veldig mykje, startar Jan.

− Men i stor grad handlar det om å utvikle gjennomtenkte løysingar for gode og trygge bustadløysingar. Dette forutset gode plan og reguleringsprosessar i kommunane i nært samarbeid med ulike utviklingsaktørar og aller helst med Husbanken med på laget, fortset han.

− Slik kan ein legge til rette for gode og tilpassa bustadmiljø som legg til rette for «det gode liv» i alle fasar av livet. 

Viktig med variasjon i bustadsmassa

Hjelle meiner det er særs viktig å kunne utvikle og gje eit differensiert tilbod av bustader tilpassa ulike behov.

− Heldigvis er helsa til dei  aller fleste eldre god, og dei klarar seg utan hjelp frå det offentlege. Men så veit vi jo også at det er ein del som etter kvart som dei vert eldre får større hjelpebehov, konstaterar han.

− Då er det viktig at vi  kan tilby gode løysingar også for dei, om det er gjennom tilpassa tenester i heimen eller i omsorgsbustad eller på sjukeheim, avsluttar Hjelle.

Ein viktig lyttepost for Husbanken

Hjelle har rukke å være med på to rådsmøter, der agendaen har berørt eit bredt spekter av saker. Alt frå digital inkludering til Bu trygt heime-reforma.

− Møtene har vært både lærerike og nyttige. Rådet er ein god diskusjonsarena og er ein god kjelde for å få eit heilheitleg bilde på alle aspekt med arbeidet med eit aldersvenleg Norge.

− For oss i Husbanken er rådet ein viktig lyttepost der vi også kan få innspel på våre verkemiddel og vårt arbeid i samarbeidet med kommunane og til den enkelte innbyggar. 

− Eg ser verkeleg fram til å bidra i rådet sitt arbeid framover, avsluttar Hjelle.  

Stedfordreder for NHO Handel og Service

Ingeborg Malterud er også nytt medlem i Rådet for et aldersvennlig Norge denne hausten. Ho er stedfortreder for Anne Cecilie Kaltenborn, som har permisjon frå stillinga som administrerande direktør i NHO Service og Handel.