Ikkje gløym det sosiale livet som pensjonist

Nordmenn er gode til å planleggje for korleis vi skal bu, sikre oss ein trygg økonomi og halde oss i fysisk aktivitet når vi blir eldre. Når det gjeld den sosiale delen av tilværet har vi ein veg å gå. Berre ein tredel av oss har tenkt på korleis vi skal halde oss sosialt aktive som pensjonistar.
Funna er henta frå Helsepolitisk barometer som Kantar har gjennomført for mellom anna Senteret for eit aldersvennleg Noreg. Undersøkinga viser vidare at åtte av ti nordmenn meiner vi alle må leggje planar og ta større ansvar for eiga helse, bustadsituasjon og nettopp sosialt liv for å få det slik vi ønskjer når vi blir eldre.
− Når vi veit at mange av oss lever ein tredel av livet vårt etter at vi har vorte pensjonistar, er det fint å sjå at mange legg planar for å sikre seg ein god alderdom. Økonomi, bustad og den fysiske helsa har vi tenkt på, men når det gjeld det sosiale ser der ut til å vere litt å hente, seier Wenche Halsen, leiar i Senteret for eit aldersvennleg Noreg.
Vennskap endrar seg med åra
For når vi får spørsmål om vi har lagt nokon planar for korleis vi skal halde oss sosialt aktive etter enda arbeidsliv, så er det berre tre av ti som har tenkt på det.
− At vi, uavhengig av alder, ikkje har ein plan for det sosiale livet som eldre, er kanskje ikkje overraskande. Det er lett å ta venner og sosialt liv med kollegaer som nokon som berre er der. Men vennskap endrar seg med åra, og for mange spesielt i overgangen frå arbeidsaktiv til pensjonist. Nokon treng mange, andre treng få, men alle treng nokon, smiler Wenche.
− I undersøkinga svarer vi at nettopp familie og venner er det viktigaste for oss når vi blir pensjonistar. Då er det viktig at vi pleier og planlegg, både vennskaps- og familieband, og ikkje tek det for gitt.
Sosialt nettverk på jobb
Det er dei over 60 år som i størst grad har planlagt for det sosiale. Og det er litt fleire kvinner enn menn som har lagt ein plan eller har gjort seg tankar.
− Damer treffest kanskje på andre arenaer enn menn, som foreiningar og venninneklubbar eller liknande. Eg mistenkjer at menn i større grad byggjer det sosiale nettverket knytt til jobben. I den augneblinken dei sluttar, kan det bli vanskelegare å vareta desse vennskapane, seier Wenche.
Eit offentleg ansvar?
Halsen peikar på fleire interessante funn frå barometeret når det gjeld ansvaret for den sosiale delen av livet. Elleve prosent av befolkninga meiner at det offentlege skal betale for sosial kontakt, slik at vi kan bu heime så lenge vi vil og kan. Sju prosent svarer at dei er villige til å betale av eigne pengar for å ha selskap. Vidare er kvar fjerde innbyggjar oppteken av å ha tilgang til sosiale aktivitetar for å få eit godt liv som pensjonist.
− Som samfunn har vi eit ansvar for å inkludere og leggje til rette for trygge, gode og sosiale møteplassar og eit tilbod om ulike aktivitetar. Samtidig må vi sjølv også vere bevisste verdien av å ha eit sosialt liv og gjere ein innsats for å ha nokon å vere saman med. Ifølgje forskarane er einsemd farlegare enn å røyke, avsluttar Wenche.