Kommisjon skal motverke einsemd og isolasjon
I kjølvatnet av pandemien sette WHO i 2023 ned ein kommisjon som skal arbeide for å auke forståinga av utfordringane knytt til einsemd og isolasjon, samt støtte nasjonal politikk på dette området. Her er ein status på arbeidet.
I november deltok Senteret for eit aldersvennleg Noreg på møte i det nordiske nettverket for aldersvennlege byar og kommunar. Der fekk vi ei oppdatering frå WHO-kommisjonen for sosial tilknyting (2024–2026). Deira mål er å auke forståinga av utfordringane knytt til einsemd og isolasjon, samt betre kunnskapsgrunnlaget og støtte opp om nasjonal politikk på dette området. Kommisjonen vart lansert i november 2023 og består av 11 kommissærar frå politikk, forsking og privat sektor.
Ein global utfordring
Kven som helst, kvar som helst, kan vere einsam eller sosialt isolert. Uavhengig av alle alder eller region har einsemd og sosial isolasjon alvorlege konsekvensar for den fysiske og mentale helsa vår. Ikkje berre konsekvensar for velferda til den enkelte, men og for lokalsamfunn og storsamfunn.
Så langt har kommisjonen arrangert fleire webinar om temaet. Dei har lagt til rette for erfaringsdeling mellom dei ulike landa om korleis dei møter utfordringane rundt einsemd og sosial isolasjon. Det første utkastet til den endelege rapporten kjem i 2025. Den vil bidra til meir kunnskap og fokus, samt politikk og tilrådingar som nasjonale styresmakter i alle land kan bruke i utforminga av nasjonal politikk og praksis for å motverke einsemd og isolasjon.
Kommisjonen vil foreslå ein global agenda for sosial tilknyting. Samt arbeide med høgnivåkommissærar for å fremje behovet for handling, og samle støtte for å skalere opp velprøvde løysingar og måle framgang.
Les meir og hald deg oppdatert på arbeidet i kommisjonen her