Kurs i leiing og mediehandtering for leiarar i eldreråda

Postet: 13.12.24 (oppdatert 13.12.24)
Et kurslokale med flere kursdeltakere og en mann som presenterer

Kommunikasjon, mediehandtering og leiing blir tema når Senteret for et aldersvennlig Norge inviterer leiarar i eldreråda til kurs.

– Vi følgjer opp Eldrerådskurset frå sist vinter, og tilbyr no eit eige kurs for leiarar, nestleiarar og sekretærar i dei kommunale og fylkeskommunale eldreråda, fortel prosjektleiar Olav Sæbø. 

Ønskjer meir opplæring

Som eit av tiltaka i Bu trygt heime-reforma har Senteret for et aldersvennlig Norge, i samarbeide med Rådet for et aldersvennlig Norge, Pensjonistforbundet og KS, fått i oppdrag å vidareføre opplæringstilbodet til eldreråda.

I evalueringa og tilbakemeldingane etter Eldrerådskurset vart det ytra ønskje om opplæring i det å være leiar i eit råd, og om meir kunnskap knytt til kommunikasjon og mediehandtering. Det får dei no i det nye kurset.

– Eldrerådene er viktige ambassadørar for dei eldre i sin kommune, og spelar ein viktig rolle i utviklinga av meir aldersvennlige lokalsamfunn. I dette kurset vil vi trygge eldrerådsleiarane i rolla som leiar. Samtidig vil vi ruste dei i møte med journalistar og sjå nærare  på korleis dei kan bruke media i arbeidet i eldrerådet, fortel Olav.

Inspirasjon og praktiske øvingar

Kurset er gratis og går over to dagar – frå lunsj til lunsj. Dato og tid er sett: 3.- 4. mars og 5. – 6. mars på Gardermoen. Det blir same innhald på begge kursa.

Kursa vil innehalde inspirasjonsforedrag, samtalar og praktiske øvingar. Kurs og overnatting er gratis. Reise til og frå må den enkelte kommune/råd dekke sjølv.

Det er sendt ut e-post til leiarane i eldrerådet med meir informasjon om program og påmelding.

Spørsmål?

Har du spørsmål om kurset, eller har du ikke fått e-posten? Ta kontakt med Olav. 

Olav Sæbø

Rådgiver

Telefon: +47 996 06 624