Levande og aldersvennlege lokalsamfunn er bra for alle! 

Postet: 17.12.24 (oppdatert 17.12.24)
Portrett av Berit Brørby
Berit Brørby, leiar Rådet for eit aldersvennleg Noreg. Foto: Birgitte Heneide, Frivillighet Norge

Leiar av Rådet for et aldersvennlig Norge, Berit Brørby, ser fram til eit nytt år med fleire høve til å påverke, initiere og samhandle med ulike aktørar for å gjere Noreg meir aldersvennleg.

Kjære alle! Om vi alle dreg i same retning for å skape eit aldersvennleg samfunn, vil vi gjere kvardagen mykje betre for mange. Vi vil få levande lokalsamfunn, og vi vil få aldersvennlege lokalsamfunn.  

Som leiar av Rådet for eit aldersvennleg Noreg har eg i 2024 hatt gleda av å møte ei rekkje interesseorganisasjonar, enkeltpersonar og bedrifter. Samfunnsaktørar som sit på viktige verkemiddel og har ei viktig stemme i arbeidet med å utvikle lokalsamfunn til ein stad der det er godt å bli eldre. Det handlar om mangfald og inkludering. For det er mykje som må på plass.

Møteplassar og bustadutvikling

Vi må i større grad leggje til rette for at dei som ønskjer det, får delta med sine ressursar. Det kan være gjennom frivillig- eller lønna arbeid. Vi må bli endå flinkare til å skape gode møteplassar og transportløysingar. Løysingar som gjer at vi faktisk kjem oss frå der vi bur og til møteplassar, til familie og vener, butikkar eller til legen.

Vi må sjå på bustadutviklinga og dei bustadene vi allereie har. Kva må gjerast for at det skal bli mogleg å kunne bu heime så lenge vi kan, enten det er i einebustad eller i ei leilegheit. Og ikkje minst handlar eit aldersvennleg samfunn om at vi i større grad verdset erfaringa og kompetansen som den aldrande befolkninga har. Vi må leggje til rette for aktiv aldring, noko som og legg grunnlaget for ei friskare og meir engasjert befolkning. 

For meg står møter og aktivitetar på tvers av generasjonane heilt sentralt i arbeidet med å skape eit aldersvennleg samfunn.

Løysningar utanfor helse- og omsorgssektoren

Vi har mykje å lære av kvarandre. Løysingane ligg ikkje berre i helse- og omsorgssektoren. Vi snakkar om folkehelsesektoren. Det er derfor ei styrke å ha med seg dei viktige organisasjonane som til saman utgjer Rådet for eit aldersvennleg Noreg. Dei representerer mangfaldet. Og det er ei glede å leie dette viktige arbeidet. Vi snakkar her om å finne løysingar i møte med ei av dei største endringane i samfunnet i vår tid – vi blir fleire eldre. Til glede for lokalsamfunna rundt om. Vår oppgåve er å påverke, gi råd, initiere og samhandle med ulike aktørar. 

Digital inkludering

I 2024 har vi hatt gode diskusjonar, og henta inn ekstern kompetanse på fleire område. Vi har hatt eit særleg engasjement for digital inkludering, og ventar forventningsfullt på regjeringa sine tiltak som skal gjere oss til dei mest digitale innbyggjarane i verda innan 2030! Ambisiøst, og eit av mange oppdrag vi har, er å gi våre råd til Regjeringa. Digital inkludering vil derfor stå høgt på agendaen til rådet i 2025. Korleis framtidas bustadbygging bør sjå ut, er eit anna viktig område der Rådet vil være med å påverke kommunane. 

Vi har store forventningar til 2025 – og ser fram til å bli kjent med nye, som gjennom samarbeid og nye løysingar vil bidra til at Noreg blir endå meir aldersvennleg. Hugs godt vaksne bidreg mykje, og det frivillige arbeidet hadde ikkje greidd seg utan seniorane. Det dei bidreg med utgjer ein verdi på heile 40 milliardar kroner

På vegne av Rådet for eit Aldersvennleg Noreg ønskjer eg dykk alle ei fredeleg jul og eit riktig godt nytt år! 

Berit Brørby, leiar, Rådet for eit aldersvennleg Noreg