Nasjonale og internasjonale innleiarar på årets møteplass for aldersvennleg utvikling

Postet: 14.06.24 (oppdatert 14.06.24)
Det er fjerde året på rad Rådet og senteret for eit aldersvennleg Noreg inviterer til den nasjonale konferansen Saman for eit aldersvennleg Noreg. Denne gongen på Gardermoen.

5. november er det klart for den fjerde utgåva av konferansen Saman for eit aldersvennleg Noreg. Tema er medverknad og kommunikasjon – med senioren i sentrum. Leiarar i privat, offentleg og frivillig sektor er invitert. For aldersvennleg – det angår alle!

Artikkelen er 125 dager gammel, informasjonen kan være utdatert.

– Vi lovar eit høgaktuelt program med fleire dyktige nasjonale og internasjonale innleiarar. Dei vil dele døme og kunnskap om korleis kommunikasjon og medverknad – med seniorane i sentrum – speler ei viktig rolle når vi skal utvikle endå meir aldersvennlege løysingar, produkt, tenester og lokalsamfunn, fortel Nina Myklebust, programansvarleg for konferansen.

– Denne dagen ønskjer vi å gi deg auka innsikt i moglegheitsrommet som ligg i dei demografiske endringane. Og bidra til at du som leiar opnar blikket for nye måtar å innovere på, kommunisere på og ikkje minst oppdagar nye marknadsmoglegheiter.

Internasjonalt arbeid og marknadsmoglegheiter

Programmet i år er variert, og innleiarane kjem frå ulike sektorar og bransjar:

Berit og Anne Cecilie sitter ved siden av hverandre på scenekanten
Både Berit Brørby, leder i Rådet for et aldersvennlig Norge og Anne Cecilie Kaltenborn, adm.dir. i NHO Service og handel står på scena 5. november.
  • Thiago Hérick de Sá, leier Globalt nettverket av aldersvennleg byar og lokalsamfunn, Verdshelseorganisasjonen (WHO), viser døme frå WHOs kampanjearbeid og korleis medverknad er kjernen i arbeidet med aldersvennleg utvikling.
  • Anne-Cecilie Kaltenborn, administrerande direktør for NHO Service og Handel, fortel meir om marknadsmoglegheitene seniorane representerer for næringslivet.
  • Stian Fantoft Alvestad, prosjektleiar for aldersvennleg samfunn, Stavanger kommune, vil gi døme på korleis ein kan involvere dei godt vaksne innbyggjarane i det aldersvennlege utviklingsarbeidet.
  •  Jannicke Hølen og Knut Bang, seniorrådgivarar i DOGA, synar betydninga og døme på kva resultata av å jobbe med medverknad.

Aldersvennleg angår alle

Nina har eit klart ønske om både kven ho vil sjå på Gardermoen, og kvifor dette er staden å vera – også for deg som ikkje nødvendigvis jobbar med eldre eller aldersvennleg.

− Eg forstår at veldig mange trur at dei demografiske endringane ikkje er relevant for verksemda deira. Men eg kan garantera at aldersvennleg angår alle, understrekar Nina, før ho fortsett: 

− Uavhengig av bransje og sektor, vil arbeidsstokken din endra seg. Det same vil mottakarane av det du leverer. Det speler inga rolle om dei blir kalla kundar, gjester, medlemmer, brukarar eller innbyggjarar.

Så, er du leiar eller mellomleiar? Jobbar du med innovasjon, utvikling eller sal av ulike produkt og tenester? Er du ein av dei som får hjula til å gå rundt i lokalsamfunnet? Då skal du vita at aldersvennleg og seniorane representerer eit stort potensial.

Få gode døme og auka innsikt

Nina Myklebust smiler til kamera
Nina Myklebust er programansvarlig for årets utgåve av Saman for eit aldersvennleg Noreg.

På spørsmål om kva Nina tenkjer deltakarane tek med seg heim etter konferansen, er ho klar: 

− Tal og harde fakta kan alle lese seg til. Som til dømes det faktumet at vi om under sju år vil vere fleire menneske over 65 år enn under 19 her i landet. Eller at gruppa over 65 år vil utgjere ein firedel av befolkninga i Noreg innan 20 år. 

− Målet vårt er at deltakarane dreg heim med auka innsikt og kunnskap om kva dette kan bety for arbeidskvardagen deira. I tillegg til at gode døme og samtalar vil motivera og inspirerer til å endra måten vi jobbar på, avsluttar Nina med eit smil!