Ny eksempelsamling med aldersvennlege tiltak
Karalag, kulturambassadørar og minnesti. Seniortaxi og bustadprosjekt på tvers av generasjonar. Kommunane i Nettverk for aldersvennlege lokalsamfunn har utvikla gode aldersvennlege tiltak. No er fleire av desse samla i ei eiga eksempelsamling på aldersvennlig.no.
– Norske kommunar gjer ein kjempeinnsats for å skape meir inkluderande og aldersvennlege lokalsamfunn. Og gode døme og tiltak – små som store, dei må delast, smiler Anne Berit Rafoss, prosjektleiar i Senteret for eit aldersvennleg Noreg.
– Med eksempelsamlinga håpar vi kommunane kan inspirere kvarandre. Samtidig håpar vi ho kan skape ei større forståing av kva som kan bidra til meir aldersvennlege lokalsamfunn.
Over 40 aldersvennlege tiltak
Eksempelsamlinga er sortert på innsatsområda bustad, transport, samfunnsdeltaking, medverking og kommunikasjon og plan og uteområde. I alt finst det over 40 tiltak i samlinga. Nokre prosjekt går framleis føre seg, medan andre alt er gjennomført.
– Vi har fått god hjelp frå kommunane i nettverket i dette arbeidet. Dei har delt raust og sendt inn skildringar og bilete av prosjekta sine. Dei har også gitt oss verdifulle tilbakemeldingar på kva informasjon det er nyttig å ha med i ei slik eksempelsamling, fortel Anne Berit.
Mål, finansiering og medverknad
Saman med skildringa av tiltaka er det også ein kort faktaboks. Den fortel mellom anna om mål for tiltaket, samarbeid, finansiering og kva medverknadsaktivitetar som er gjennomført.
─ Skal vi skape inkluderande og berekraftige lokalsamfunn, må vi vite kva innbyggjarane treng. Det som er eit godt tiltak i ein kommune, må kanskje løysast eller innrettast på ein litt annan måte i ein annan kommune. Det handlar om lokal kunnskap, og derfor er medverknad så sentralt i utviklinga av aldersvennlege tiltak, understrekar Anne Berit.
Det er heller ingen løyndom at pengar er ein avgjerande faktor for mange.
─ Ved å bla seg gjennom dei ulike døma i samlinga, vil ein også få tips til ulike måtar ein kan finansiere tiltaka. Og ikkje minst kven det kan vere verd å samarbeide med. Både internt i kommunen, i frivilligheita eller lokalt næringsliv, seier Anne Berit.
Send inn tiltak frå din kommune
Anne Berit oppmodar no fleire kommunar til å sende inn og dele tiltaka sine.
– Det kan kanskje vere at utgangspunktet for eit tiltak ikkje har vore å skape eit meir levande og aldersvennleg lokalsamfunn, men så ser dei no, gjennom døma som er presenterte i samlinga, at det er det. Dei vil vi også høyra frå, seier Anne Berit.
Samtidig presiserer ho at det no i første runde er tiltak og prosjekt frå kommunane som får plass i eksempelsamlinga.
Har du eit godt døme på eit aldersvennleg tiltak, eller lurer du på om du har eit? Send seniorrådgjevar Asle Gjermundrød ein e-post.