Ny modell for dialog mellom kommunen og seniorane
På aldersvennlig.no finn du nå "Kullingane – ein modell for medverknad og innbyggjardialog". Der får du tips, råd og innsikt i korleis du kan skapa ein relasjon og dialog med seniorane i kommunen din. Modellen byggjer på erfaringar og innsikt frå Sola kommune.
Kvart år inviterer Sola kommune dei som fyller 65 år, også kalla "kullingane", til ein dialog for å forstå behova og ønska deira. Målet er at kullingane sjølv reflekterer over korleis dei kan halda oppe god livskvalitet gjennom heile livet.
Les meir om Kullingane i eksempelsamlinga for aldersvennlege tiltak.
Modellen Sola kommune jobbar etter, er nå gjort tilgjengeleg som små webinarbolker med tips og råd for alle som jobbar med innbyggjardialog og medverknad retta mot seniorane.
Ønsker du å jobbe etter Kullingane-modellen?
I januar vil dei kommunane som ønskjer å jobba etter kullingane-modellen bli invitert til eit mentorwebinar i regi av Senteret for eit aldersvennleg Noreg i samarbeid med Sola. Det er også under planlegging eit fysisk møte i Sola i april. For meir informasjon, ta kontakt med Anne Berit Rafoss.