Ny rapport: Pensjonistane sin frivillige innsats er verd milliardar
Norske pensjonistar sitt bidrag til samfunnet gjennom frivillig innsats er årleg verdt 40 milliardar.
Det viser tala i ein ny rapport som NyAnalyse har utarbeidd på oppdrag frå Senteret for eit aldersvennleg Noreg. Dette er ein auke på over ti milliardar kroner samanlikna med siste analyse i 2021. Ifølgje rapporten er det 4000 fleire årsverk som bidreg til den auka frivillige verdiskapinga i løpet av tre år.
Ny Analyses berekningar viser vidare at med rett innsats kan verdien være dobla i 2035.
Eldrekrafta
Det offentlege og samfunnet elles sparer store beløp kvart einaste år på at pensjonistar nyttar mykje av fritida si til frivillig arbeid i nærmiljøet sitt.
– Vi må sjå på dei mange eldre, og den kompetansen og erfaringa dei representerer, som den ressursen dei er. Eldre sjølv er ein del av løysinga for å møta demografiendringane med fleire eldre og færre yngre. Tala om frivillig innsats er eit godt bevis på dette, seier Wenche Halsen, leiar av senteret for eit aldersvennleg Noreg.
– Vi må begynne å snakke om eldrekrafta, og så må vi legge eldrebølgja død ein gong for alle.
Formell og uformell frivilligheit
Rapporten frå NyAnalyse tek utgangspunkt i to ulike typar av frivillig innsats: formelt og uformelt frivillig arbeid. Formell frivillig innsats omhandlar aktivitetar som skjer gjennom formelle organisasjonar, lag eller liknande. Uformell frivillig innsats omhandlar aktivitetar der personar deltek direkte utan ein formell organisasjon som bindeledd mellom aktiviteten og personen som utfører han. Omsorg til ektefelle og sambuar eller nære slektningar inngår ikkje i uformell frivillig innsats.
Rapporten viser at heiltidspensjonistar bidreg med omtrent 15.400 årsverk på formelt frivillig arbeid, medan det uformelle frivillige arbeidet frå pensjonistane blir anslått til ca. 41.000 årsverk i 2024.
Fleksibilitet
− Potensialet for å engasjera fleire frivillige pensjonistar er stort. Men det må tenkjast nytt. Dei som blir spurt direkte av nokon dei kjenner om å vera med å noko, er dei mest effektive å rekruttera. Og frivilligheita må være frivillig og ikkje tvinga, seier Wenche.
Ho meiner kommunar og frivillig sektor må leggja til rette slik at pensjonistane kan få bidra på ein måte som gjer det lystprega og meiningsfylt, og som gjer at dei får brukt kunnskapen sin og erfaringane sine.
− Viktig er det òg, trass i ein stram kommuneøkonomi og mangel på folk, at kommunane ikkje bruker frivilligheita til oppgåver som er det lovpålagde ansvaret til kommunane. Men frivilligheit kan avlasta og avhjelpa med oppgåver som har ein stor samfunnsverdi.
− Det fine med frivilligheita er at den gir noko både til dei som utfører ho, til barn unge og eldre som får noko frå eit frivillig tilbod, avsluttar Wenche.
Om rapporten
Rapporten er skriven av Ny Analyse på oppdrag for Senteret for eit aldersvennleg Noreg. Hensikta er å greie ut korleis seniorar, inkludert heiltidspensjonistar, bidreg til samfunnet gjennom frivillig innsats, både formell og uformell aktivitet. Rapporten er ei oppdatering av utgreiinga som vart gjennomført for Statens seniorråd i 2017 og for Senteret for eit aldersvennleg Noreg i 2021, og byggjer på nye datakjelder for befolkningsframskrivingar, årsverk, verdibidrag og lønnskostnader.