Ny rapport: Slik er arbeidslivet for eldre yrkesaktive

Av: Aldersvennlig Norge
Postet: 10.11.22 (oppdatert 13.04.23)
 Direktør Kari Østerud i Senter for seniorpolitikk. Foto: Sverre Chr Jarlid
Direktør Kari Østerud i Senter for seniorpolitikk. Foto: Sverre Chr Jarlid

Postet: 10.11.22 (oppdatert 10.11.22)

Dei over 60 år opplever endå høgre arbeidsglede enn yngre grupper – tre av fire i denne aldersgruppa svarar at dei alltid gler seg.

Det viser tallene frå årets Seniorpolitisk barometer som Ipsos har gjennomført på oppdrag for Senter for seniorpolitikk. Dette er det 20. barometeret i rekka, og i år er over 3000 yrkesaktive frå 16 år og oppover intervjua.

Resultata for 2022 viser i hovudsak stabilitet samanlikna med tidlegare år. Svara tyder på at norsk arbeidsliv for dei fleste er ein god stad å være – også som eldre yrkesaktiv. Arbeidsgleda og meistringsfølelsen er høg, det er stor grad av sjølvbestemmelse og få opplever usikkerheit om å behalda jobben.

Vil tre ut av arbeidslivet som 65-åringar

Ønska alder for når ein kunne tenke seg å tre heilt ut av arbeidslivet har auka med over fire år sidan 2003. Samtidig skiller ikke årets resultat seg i stor grad frå 2020-tala. Dei spurde i årets undersøkelse landar på eit gjennomsnitt på 65,3 år. Til samanligning var talet i 2020 65,2 år.

− Når moglegheita for pensjonering faktisk nærmar seg, viser Norsk seniorpolitisk barometer at ynskt avgangsalder stig. Seniorane har ressursar og kompetanse som arbeidslivet treng, konstaterer Kari Østerud, direktør i Senter for seniorpolitikk på deira nettside.

Les meir om resultata her

 

Om barometeret

Barometeret har vore gjennomført årleg sidan 2003 og består av ein undersøkelse blant yrkesaktive og ein blant leiarar. Frå og med 2020 blir barometeret gjennomført annakvart år for hhv. yrkesaktive og leiarar.

Les meir om barometeret her