Nytt kampanjemateriell frå planleggelitt.no til kommunane

Postet: 20.06.24 (oppdatert 20.06.24)
En eldre mann og dame går nedover en grusvei i skogen.

Brosjyrar, Instagram-karusellar, artiklar og test-deg-sjølv. Dette er noko av kampanjemateriellet kommunane no kan laste ned frå planleggelitt.no og bruke for å inspirere innbyggjarane sine til å planleggje eigen alderdom.

Å gjere kampanjemateriellet frå informasjonskampanjen planleggelitt.no meir tilgjengeleg for kommunane er eit av tiltaka som regjeringa har løfta fram i Bu trygt heime-reforma og Program for eit aldersvennleg Noreg 2030.

– Kommunane har etterlyst litt meir bistand til å kommunisere kva den enkelte innbyggjar kan og bør gjere når det gjeld planlegging av eigen alderdom. Det får dei no, seier Wenche Halsen, leiar i Senteret for eit aldersvennleg Noreg.

Bustad og aktivitetar

Etter samtaler med utvalde kommunar og gjennomføring av ei digital spørjeundersøking, er det utvikla relevant kampanje-materiell – med særleg fokus på bustad, relasjonar og aktivitetar.

Materialet kan brukast i ulike kanalar, skrivast ut og digitalt, og samtidig følgjer det med ei forklaring og tips til korleis det kan brukast. Det kjem både på bokmål og nynorsk.

– Fleire kommunar har allereie brukt planleggelitt.no ut mot innbyggjarane sine. Med dette grepet håpar vi å gjere det enklare for fleire å kommunisere betydninga av å planleggje for livet som pensjonist, seier Wenche.

– Eit godt liv heile livet handlar ofte om å halde fram med mykje av det du trivst med i dag. Du må berre planleggja litt.

Om planleggelitt.no

Planleggelitt.no er ein informasjonskampanje frå Senteret for eit aldersvennleg Noreg. Kampanjen består av artiklar, gode råd og filmar der du møter personar som på kvart sitt vis har gjort nokre endringar og planlagt for eigen alderdom.
Kampanjen rettar seg mot befolkninga over 55 år. 

Les meir om kampanjen her. 
 

Tilgang til materiell

Det er sendt ein e-post med informasjon om korleis ein får tilgang til materiellet til alle kommunale postmottak (kommunikasjonsavdelingar).  Vil du ha tilgang, så høyr med postmottaket eller kommunikasjonsavdelinga i kommunen. 

Har du spørsmål eller ønsker tilgang? Ta kontakt med Tina Kjensli Dyrseth.

Tina Kjensli Dyrseth

Kommunikasjonsrådgiver

Telefon: +47 995 62 573