Samarbeid for mindre einsemd blant seniorane
Gjennom frivillig arbeid bidreg Norske Kvinners Sanitetsforening (N.K.S), også kjent som Sanitetskvinnene, til ein trygg og god alderdom for innbyggjarane i landet. No er dei signert som samarbeidspartnar med Senteret for eit aldersvennleg Noreg.
– Eit samarbeid med Senteret for eit aldersvennleg Noreg bidreg til å løfte eldrefeltet. Saman kan vi skape gode møteplassar som førebyggjer einsemd og isolasjon hos eldre, fortel Malin Stensønes, generalsekretær i N.K.S.
Nina Myklebust som leier partnarskapsordninga i senteret ser fram til det nye samarbeidet.
– Sanitetskvinnene har i generasjonar vore ein synleg, aktiv og viktig aktør i små og store kommunar, på bygda og i byane. Ikkje berre bidreg dei til aktivitetar lokalt, men frivillig arbeid er som vi veit, for mange også vegen til ein aktiv og sosial alderdom. Vi gler oss over å ha dei med som samarbeidspartnarar.
Auka livskvalitet
Gjennom 128 år har Sanitetskvinnene arbeidd for å betre folkehelsa og auke livskvaliteten til folk. Foreininga sine frivillige medarbeidarar har i alle desse åra spreidd kunnskap om helse i eit førebyggjande perspektiv.
Når vi snakkar om eldre, så jobbar Sanitetskvinnene politisk, på eit nasjonalt nivå, for å sørge for gode ramme- og levevilkår for eldre. På lokalt nivå er dei med å legg til rette for å etablere tilbod som bidreg til betre helse og auka livskvalitet.
– Å ha gode år som eldre, det å vere ein ressurs eller berre gjere det ein ønskjer, betyr auka livskvalitet, men også at det gir liv til åra, understrekar Malin.
Sosiale møteplassar
Sanitetskvinnene jobbar tett opp mot måla i Bu trygt heime-reforma, og særleg innsatsområdet levande lokalsamfunn. Dei har ei eiga avdeling som har ansvar for eldreaktivitetar og sosiale møteplassar.
– Vi legg til rette for sosiale møteplassar for eldre, bidreg til å redusere einsemd og sosial isolasjon og legg til rette for fysisk aktivitet, fortel Malin.
To heilt konkrete tiltak er lågterskeltiltaka "Kanskje kjem kongen" og "Kløvertur". Tiltak som skal førebyggje einsemd for eldre heimebuande. Den eine med fokus på det sosiale, den andre med fysisk aktivitet som utgangspunkt.
– Gode møteplassar er viktig i eit aldersvennleg Noreg. Møteplassar der seniorane kan bidra og delta. "Kløvertur" og "Kanskje kjem kongen" er aktivitetar og møteplassar der ein får gjere noko for andre, og som oftast saman med andre. Kanskje til og med saman med folk ein ikkje kjenner frå før, legg Nina til. Det er gull verd!
Må ta ansvar sjølv
8 av 10 nordmenn svarer at den enkelte må ta større ansvar for eiga helse, sosialt liv og busituasjon, om vi skal få det slik vi ønskjer det som pensjonistar. Det er noko Sanitetskvinnene også har på dagsordenen sin.
– Vi veit at eldre vil bu heime så lenge som mogleg. Det er også ein politisk bodskap at det skal leggjast til rette for at vi skal kunne gjere det, seier Malin, og held fram:
– For at vi skal klare å bu heime så lenge vi ønskjer og kan, handlar det om å ta små grep i kvardagen, til dømes å vere litt meir fysisk aktive. Dette, og eldre kvinners helse, set vi på dagsorden både gjennom opne møte ute i lokalforeiningar og på nasjonale konferansar og seminar.
Beredskap
I avdelinga Trygge lokalsamfunn jobbar Sanitetskvinnene med beredskap og bidreg til at befolkninga har god livskvalitet, har ein stad å høyre til, og er robuste i møte med kriser.
– Vi har over 150 grupper for omsorgsberedskap rundt om i heile landet og dei aller fleste av desse har samarbeidsavtale med kommunen sin, fortel Malin.
– Vi veit at eldre kan vere ekstra utsette og sårbare i ei krise, og er mellom dei som kan trenge bistand frå våre frivillige. Det kan vere evakuering, informasjon, omsorg eller at dei treng å bli tekne vare på, avsluttar ho.
OM NORSKE KVINNERS SANITETSFOREINING
Norske Kvinners Sanitetsforening, også kjent som Sanitetskvinnene, er Noregs største kvinneorganisasjon med 44.000 medlemmer fordelt på 550 lokalforeiningar. Sidan 1896 har deira frivillige bidratt gjennom aktivitetar og fellesskap, og stått i front for kvinneliv og folkehelse.