Samlar innsikt om seniorar i Noreg 

Postet: 19.06.24 (oppdatert 19.06.24)
To personer går tur i en park og lufter en hund.
Frå juni til desember 2024 publiserer SSB ni temaartiklar om seniorane i Noreg. Foto: Centre for ageing better

Senteret for eit aldersvennleg Noreg har gitt Statistisk sentralbyrå (SSB) i oppdrag å lage ein artikkelserie om seniorar i Noreg. Første artikkel tek for seg befolkninga og demografiutviklinga, og blir lansert 21. juni. Deretter vil det komme åtte artiklar fram til desember 2024.  

– Ein viktig del av det å vere eit kunnskapsmiljø handlar om å gjere tal og fakta tilgjengeleg for dei som kvar dag jobbar for eit meir aldersvennleg Noreg. Det håper vi at dei vil oppleve no, fortel Wenche Halsen, leiar i Senteret for eit aldersvennleg Noreg. 

Alt frå bustad og jobb til helse og sosial deltaking 

I artikkelserien som har fått namnet "Seniorar i Noreg" blir det presentert tal og statistikk med utgangspunkt i befolkninga over 55 år. 

– At vi startar på 55 år, handlar heilt enkelt om at det er når vi har nådd denne alderen vi bør starte planlegginga av korleis vi vil ha det når vi blir eldre, forklarer Wenche. 

I alt blir det ni ulike temaartiklar. Første artikkel ut tek for seg befolkningsutviklinga, og blir lansert 21. juni. 

– Vidare utover sommaren og hausten og fram til nyttår, kjem det eigne artiklar om korleis vi deltek i det sosiale livet, arbeid og pensjon, utdanning, økonomi, helse, mediebruk, kva vi bruker tida vår til og korleis vi bur, fortel Wenche. 

Lett tilgjengeleg 

Bakgrunnen for bestillinga til SSB er at tal og fakta om eldrebefolkninga i Noreg gjerne blir stykkevis presenterte, og at kvar enkelt må inn å leite i ulike statistikkoversikter etter tal om seniorane. 

– Her samlar vi fakta om seniorane på ein plass. Det skal vere lett tilgjengeleg for alle – både med tanke på korleis det blir presentert, men også at det er lett å finne fram til, fortel Wenche. 

SSB har tidlegare publisert "Seniorar i Noreg", både i 2011 og 2005. I 1999 hadde publikasjonen tittelen "Eldre i Noreg"

– Dei tidlegare publikasjonane dekte i stor grad dei same temaa. Det vi gjer ulikt no, er at "kapitla" blir delte opp i artiklar, og blir publiserte fortløpande på nett, avsluttar Wenche. 

På SSB sine nettsider kan du følgje med på publiseringstidspunkta for artiklane i serien "Seniorar i Noreg".