Seniorar i Noreg 2024: Dette brukar dei tida si på

Postet: 16.12.24 (oppdatert 16.12.24)
Eldre dame står ute i en frossen parker og trener
Dagens 50-66-åringar bruker noko meir av fritida si på idretts- og friluftsaktivitetar enn for 20 år sidan.

Seniorar (55-79 år) brukar mindre tid på husarbeid no enn for 20 år sidan. Fritida har og blitt redusert noko, men tida dei brukar på inntektsgjevande arbeid har auka sidan starten på 2000-talet.

Det viser artikkelen om tidsbruk i serien Seniorar i Noreg 2024, som Statistisk sentralbyrå har skrive på oppdrag frå Senteret for eit aldersvennleg Noreg. Artikkelen gir ei oversikt over korleis seniorar brukar tida si i dag, kor aktive dei er, og kva aktivitetar dei brukar tida si på. Den tek også for seg korleis seniorane sin tidsbruk har endra seg dei siste 20 åra.

Les heile artikkelen her

Tala i artikkelen er henta frå "Tidsbrukundersøkelsen", ei utvalsundersøking gjennomført blant personar i alderen 9 til 79 år.

Store kjønnsforskjellar

Det er store forskjellar i korleis kvinner og menn, både dei yngre eldre (55-66 år) og dei eldre seniorane (66-79 år) brukar tida si. Blant dei yngre eldre viser artikkelen at menn brukar omtrent 1 time meir per dag til inntektsgjevande arbeid enn kvinner gjer. Heilt konkret er tala 4 timar og 15 minutt for menn, mot 3 timar og 12 minutt blant kvinnene i denne aldersgruppa.

Dei yngre eldre kvinnene brukar samtidig i overkant av ein halv time meir på husarbeid enn mennene gjer. Nær 3 ½ time mot i underkant av 3 timar for menn. Kvinnene brukar altså meir tid på husarbeid enn på inntektsgjevande arbeid, medan menn brukar mest tid på inntektsgjevande arbeid. Vi ser at yngre eldre menn og kvinner har like mykje fritid.

Bidrar utanfor eige heim

Når artikkelen snakkar om husarbeid, så handlar det om meir enn oppgåver knytt til eigen heim. Seniorar utgjer ein viktig sosial ressurs når dei bidreg med praktisk hjelp og omsorg. Gode døme er hjelp til barnepass eller pleie og tilsyn for personar i andre hushald. Artikkelen viser at seniorane i gjennomsnitt brukar rundt 15 minutt kvar dag på hjelp til andre hushald.

Meir jobb og aktiv fritid, mindre tid på husarbeid

Om vi samanliknar tidsbruken til seniorbefolkninga frå 2000 til 2022, viser artikkelen fleire endringar. Hovudtrenden er at seniorar, og befolkninga elles, brukar mindre tid på husarbeid no enn før. Tid til fritid har også blitt redusert noko, men til trass for mindre fritid har fritida til seniorar blitt meir aktiv.

Eldre seniorar har i gjennomsnitt nær 8 timar fritid ein vanleg dag. Det å vere sosiale saman med andre utgjer i overkant av 1 time av denne tida. Det inkluderer det å ha besøk eller vere på besøk hos andre, treffe vener og andre ute, og det å halde kontakten med vener og familie via telefonen.

Dei eldre seniorane held seg også i fysisk aktivitet. På ein vanleg dag brukar dei nesten 1 time til ulike idretts- og friluftsaktivitetar. Dette kan vere både trening på treningssenter og gåturar i nærmiljøet, i marka og på fjellet. Samtidig brukar dei eldste seniorane mykje tid på å sjå på TV. I gjennomsnitt nær 3 timar per dag.

Seniorer i Norge

«Seniorer i Norge» er en artikkelsamling fra SSB skrevet på oppdrag for Senteret for et aldersvennlig Norge. Artikkelserien gir en overordnet beskrivelse av demografi og levekår for seniorbefolkningen i Norge. Serien er en videreføring av SSBs tidligere publikasjoner «Eldre i Norge 1999», «Seniorer i Norge 2005» og «Seniorer i Norge 2010». I artikkelserien belyses viktige områder i seniorers liv ved å vise til statistikk over seniorers demografi, levekår, helse, tidsbruk, utdanning, yrkesdeltakelse og økonomi blant annet.

På SSB sine sider finner du oversikt over alle de publiserte artiklene i serien.