Vil auke kompetansen til den enkelte om sosial manipulasjon på nett
Kakadu og Senteret for eit aldersvennleg Noreg har utvikla ei steg-for-steg rettleiing som kan bidra til meir forståing for sosial manipulasjon og svindel på nett. Vi håpar den vil gje meir tryggleik for dei som kjenner seg utrygg i den digitale kvardagen.
Sosial manipulasjon er ein teknikk der svindlarar bruker psykologiske triks for å lure deg til å gi frå deg personleg informasjon, tilgang til system eller pengar. Angriparar kan bruke kjensler som frykt, nysgjerrigheit, og tillit for å manipulere deg.
– Det er dessverre ikkje alle som har gode intensjonar. Det er synd å seie, men slik det er no, må vi vere litt skeptisk til postar i sosiale medium, uventa meldingar, e-postar og førespurnader. Derfor har vi laga denne rettleiaren saman med samarbeidspartnaren vår Kakadu, seier Nina Myklebust, seniorrådgiver i Senteret for eit aldersvennleg Noreg.
Bli tryggare på nett: Her finn du rettleiaren om sosial manipulasjon
Eldre er særleg utsett
I takt med den raske digitaliseringa møter vi no ei stor utfordring: Eldre er ei gruppe som er særleg utsett for svindelforsøk og feilinformasjon på nett, dette forsterkar den frykta mange har for nettbruk. Og med KI i full frammarsj blir både svindlarane og dei som ønskjer å spreie feilinformasjon stadig meir utspekulerte.
Dette er ei utfordring og eit tema som opptek både Rådet og Senteret for eit aldersvennleg Noreg.
Gjennom arbeidet for eit meir aldersvennleg samfunn, må vi utforme og implementera tiltak og løysingar som tek omsyn til behova som ulike aldersgrupper har både no og i framtida. Dette gjeld også i den digitale delen av framtida vår.
Mange vegar til mål
Rapportar og innsikt viser at digitaliseringa av samfunnet vårt fører til utanforskap og auka isolasjon for enkelte av innbyggjarane våre. Det er ei kompleks utfordring, som i stor grad kan forsterke ein utanforskap som allereie finst.
Vi veit at 1/5 av innbyggjarane er digitalt sårbare, og at nokre grupper i samfunnet er meir utsett enn andre. Eldre er ei av desse gruppene. Men eldre er ikkje åleine. Digital utanforskap finn ein i alle aldrar og er ikkje ei utfordring som kjem til å døy ut.
– Det er sjølvsagt mange vegar til mål. Målet er at alle som ønskjer det, meistrar og har høve til å vere ein del av den digitale kvardagen vår, seier Nina.
Noko kan vi bidra til sjølv, noko kan vi hjelpe andre med. Nokre løysingar må utviklast og nokre må rett og slett forbetrast og blir gjorde meir brukarvennlege.
Auka tryggleik på nett
Steg-for-steg veiledaren som Kakadu og Senteret har utvikla saman håpar vi kan bidra til litt meir innsikt og tryggleik for dei som kjenner seg utrygge i den digitale kvardagen.
– Digitalisering opnar for mange moglegheiter, men skaper også utfordringar. Vi ønskjer å bidra til auka tryggleik på nett gjennom visuelle og praktiske digitale rettleiingar, og vi er stolte av samarbeidet med Senteret for eit aldersvennleg Noreg. Saman har vi utvikla ei rettleiing om sosial manipulasjon som tek utgangspunkt i reelle døme, seier Ingvild Erøy ein av gründerane bak den digitale inkluderingsplattforma "Kakadu.
– Vi håpar rettleiinga vil hjelpa fleire med å forstå og handtera risikoen for å bli utsett for slike angrep. Dette samarbeidet er ein viktig del av arbeidet vårt for digital inkludering, og gir oss høvet til å nå ut til fleire som verkeleg treng hjelpa.
Gjennom samarbeidet med Kakadu har vi samla nokre fleire oppskrifter som kan gi grunnleggjande, og viktige digitale ferdigheiter som hjelper å verne om eigen tryggleik og personvern i den digitale kvardagen.
– Desse oppskriftene kan brukast fritt av alle. I kurs, rettleiing, eller om du berre har lyst å lære litt heime på eiga hand, avsluttar Nina.