Vil inkludere fleire i det digitale samfunnet

Postet: 14.06.23 (oppdatert 14.06.23)
Foto: Centre for ageing better

Digitalt utanforskap har store konsekvensar både for den enkelte og for samfunnet som heilhet. 14. juni la regjeringa fram ein handlingsplan som skal bidra til at fleire blir inkludert i det digitale samfunnet.

Artikkelen er over ett år gammel, informasjonen kan være utdatert.

Målet med den nye handlingsplanen er å sikre at alle innbyggjarar skal få likeverdige offentlege tenester – uavhengig av bakgrunn, språkkunnskapar eller alder, skriv regjeringa i ei pressemelding. I dette ligg det å bidra til auka digital inkludering og deltaking for dei som har lyst og ønsker dette. Samstundes skal òg vareta behovet til dei ikkje-digitale innbyggarane slik at dei kan utøve rettane og pliktene sine i samfunnet.

– Digitalisering gir nye moglegheiter, men viss vi ikkje legg til rette for at flest mogleg kan delta, risikerer vi å bidra til digitalt utanforskap, seier kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik i meldinga.

32 tiltak

Handlingsplanen består at 32 tiltak og dekker fem ulike innsatsområde i strategien Digital heile livet. Her er nokre:

  • Regjeringa vil etablere eit samarbeidsforum for offentlege, frivillige organisasjonar og næringslivet for å koordinere ein felles innsats retta mot hovudutfordringane i handlingsplanen. Samarbeidsforumet skal også jobba for å leggje til rette for tenester for ikkje-digitale brukarar.
  • Regjeringa vil utgreie etablering av ei ordning for at brukarar som kan ha behov for grunnleggande IT-støtte får tilbod om enkel hjelp med installasjon av appar, digitale tenester og sosiale medium – kalla «IT-fiksarar». Det skal settast i verk ei prøveordning i utvalde kommunar.
  • Regjeringa ønskjer å teste ut ei nasjonal hjelpetelefon for eldre over 65 år som treng bistand til enkle tips og rettleiing i bruk av offentlege digitale tenester.
  • Regjeringa vil sørge for at offentleg sektor tilbyr rettleiing i bruk av digitale løysingar til brukarar med ingen eller svake digitale ferdigheiter. Offentleg sektor har eit ansvar for å levere offentlege tenester til alle, også til dei som ikkje er digitale.