Handlebussen i Vindafjord

Handlebussen starta opp som ein del av prosjektet "Vakre Vindafjord" etter ein ide av den lokale butikksjefen i Vikebygd. Handlebussen tilbyr dør-til-dør transport for dei som treng det langs ruta. Ein legg til rette for ei sosial stund og handel i nærbutikken. Mange av passasjerane har gitt tilbakemelding på at det sosiale miljøet på bussen og på nærbutikken er vel så viktig som å få handle.

Kommunen har no tre handlebussar som kvar veke køyrer heim og hentar kunden heime hos seg sjølv og køyrer vidare til butikken. Der blir det ei god handleøkt først, så kosar dei seg med kaffi og ein god drøs før dei får hjelp med varene og blir køyrd heim til døra. Sjåførane har fått rettleiing og informasjon og skal sørge for god tid til å stige på og av bussen. Dei kan også ta i eit tak om nokon treng hjelp til å bere handleposar og liknande. Betaling er gjeldande pris for bussbillett enten via billettappen eller med å betale om bord. Handlebussen må bestillast dagen før.

Handlebussen er eit tilbod til dei som ikkje kjem seg til butikken ved eiga hjelp, men som med dette tilbodet både kan meistre eige liv og få eit viktig sosialt møtepunkt i løpet av veka. Å handle sjølv gir langt betre matlyst og Handlebussen er eit svært godt og førebyggande helse- og omsorgstiltak. I tillegg gir det omsetning på lokalbutikken.

Her kan du høyre og sjå meir om kva handlebussen her (Facebook)

hvis buss på vegen med skog i bakgrunnen
Foto: Vindafjord kommune

 

  • Prosjektnavn:
    Vakre Vindafjord - Handlebussen
  • Kommune:
    Vindafjord
  • Mål:
    Attraktive bygder og levande lokalsamfunn
  • Organisering:
    Kommunen saman med lokale nærbutikkar og Kolumbus
  • Finansiering:
    Starta som prosjekt i 2017. Drifta av transportselskapet Kolumbus siden 2022 (Rogaland fylkeskommune)
  • Medvirkning:
    Innspel frå eigar av nærbutikken i Vikebygd inn mot prosjektet «Vakre Vindafjord» i 2017. Vidare samarbeid med nærbutikkane, kommunen, fylkeskommunen og Kolumbus.