Heimdal 60+ Seniorfellesskap

Med Heimdal 60+ Seniorfellesskap, leggast det til rette for fellesskap og tryggheit for seniorar. Eit moderne bygg, som er bygd etter dei siste standardane, betyr at den enkelte eigar ikkje treng tenkje på drift av tekniske innretningar, vedlikehald, snømoking med meir. Den enkelte leilegheita er ein komplett bustad med alt ein treng. I tillegg vil Heimdal innehalde fleire felles funksjonar som stue, kjøkken, soverom og snekkarbod. Her kan ein delta i felles aktivitetar og være en del av et fellesskap. Det å bu i eit slikt fellesskap gir tryggheit for den enkelte.

Med Heimdal blir det slutt på einsemd. Erfaringa frå andre tilsvarande prosjekt er svært god. Det å måtte sette seg inn i ein bil for å besøke andre er ei stor ulempe. På Heimdal er det få steg unna å treffe andre.

Heimdal har gode finansieringsvilkår. Burettslag får gode vilkår på fellesgjelda. Og burettslaget blir også ein del av forsikringsordningar som er framforhandla på vegne av alle burettslag. Dette sikrar gode vilkår. Bebuar finansierer sjølv 50% av byggesummen for din leilegheit i eigen bank. Resten av byggesummen blir organisert som ei fellesgjeld som Notodden Boligbyggelag etablera, og betaler sin del av den månadlege husleiga.

  • Prosjektnavn:
    Heimdal 60+ Seniorfellesskap
  • Kommune:
    Vinje
  • Mål:
    Etablere 14 aldersvennlege boliger med kort tilgang til andre tjenester
  • Organisering:
    Burettslag
  • Finansiering:
    Kommunen har finansiert 10% av prosjektet med en direkte bevilling. 45% finansierast med innskot frå eigarar (bebuarar) i burettslaget. 45% som fellesgjeld til burettslaget
  • Medvirkning:
    Eldreråd, pensjonsforeining og kommuneleiinga