Spørjeundersøkinga «Leve heile livet»
Ørsta kommune fekk mandat frå kommunedirektøren om å gjere kartleggingsarbeid som kunne nyttast inn i planarbeid for framtida. Det vart handplukka kandidatar til ei kartleggingsgruppe beståande av 20 personar frå ulike kommunalområder og fagbakgrunn til å gjere ei kartlegging av tenestene ut frå innsatsområda i “Leve heile livet”. Deretter var behovet å få fram eldrestemma og konklusjonen var å gjere ei spørjeundersøking. Gjennom nasjonale nettverk fekk kommunen tilsendt undersøkingar gjort av andre kommunar. For å kunne få meir spesifikke og fleire svar, var ønsket å skape ein eigen spørjeundersøking.
Ørsta kommune såg at å nytte innsatsområda og mange av underpunkta i den var eit flott utgangspunkt. Målsetninga var å få inn både kvantitative svar for statistisk bruk, men også å opne opp for å kunne skrive eigne kommentarar der det var relevant. Her var spørjeundersøkingane som vart tilsendt nyttige. Gjennom å ha ein så brei samansett kartleggingsgruppe fann prosjektet ut kva som kunne vere nyttig for Ørsta kommune å vite meir om (t.d. bustad, velferdsteknologi, informasjon og frivilligheit). Ei lita gruppe jobba med å sy saman eit forslag til ei spørjeundersøking og så prøvde den ut i praksis i kartleggingsgruppa og ved at alle medlemmane i eldrerådet fynte den ut. Etterpå vart det gjort justeringar før den vart ferdigstilt. I samarbeid med IT avdelinga, kom kommunen fram til kva digital plattform som ga best nytte til det analysearbeidet prosjektet trengte å gjere i ettertid (Jotform som kommunen allereie nytta).
Kommunen fekk ut ein avisartikkel som inviterte alle heimebuande over 60 til å svare på spørjeundersøkinga og opplyste om kvar dei kunne finne den; på butikkane i bygdene, på kjøpesenteret, rådhuset og biblioteket i sentrum og digital versjon på nett. Heimesjukepleia tok med seg spørjeundersøkinga til brukarane og hjalp til med å fylle ut ved behov. I ettertid er erfaringa å sende ut ei lenkje med den digitale versjonen til alle heimebuande over 60. Til slutt var det å samle inn papirversjonane og registrere dei i den digitale versjonen. Ei oppsummering av undersøkinga vert delt i lokalavisa og på kommunen sine nettsider.
Resultata av spørjeundersøkinga vart presentert til fleire organisasjonar med mange eldre medlemmar. Dette gav moglegheit til å få tak i kva dei eldre sjølv synast var aller viktigast å jobbe med og det danna eit grunnlag for å få til samarbeid og fleire spinoff-prosjekt i ettertid. Eksempel på dette er Sterk og stødig i samarbeid med Kosekroken som Røde kors står for, prosjektet “Leve heile livet i eigen bustad”, Datahjelp ved biblioteket mm. Kunnskapsgrunnlaget om eldre er auka og fokuset på å skape eit meir aldersvenleg samfunn er lyfta og er med i planar for framtida. Fleire kommunar rundt om kring i landet har i ettertid nytta seg av spørjeundersøkinga.
Her kan du lese meir om resultata frå spørjeundersøkinga
-
Prosjektnavn:Ei spørjeundersøking basert på innsatsområda i “Leve heile livet” reforma for å auke kunnskapsgrunnlaget om dei eldre
-
Kommune:Ørsta
-
Mål:Lære meir om Ørsta sine eldre for å kunne planlegge betre for framtida med endra demografisamansetning
-
Organisering:Prosjektleiar var frikjøpt av KS for å jobbe som ein del av det regionale støtteapparatet til «Leve heile livet» på fylkesnivå der erfaringsdeling frå eigen kommune har vore viktig
-
Finansiering:KS har frikjøpt tilsett i Ørsta i 50% stilling frå august 2020 til desember 2023
-
Medvirkning:Eldrerådet, leiar for råd for likestilling av funksjonshemma