Frivilligheita sin dag
5. desember er FNs internasjonale dag for frivillig arbeid. Ein dag kor vi rettar oppmerksemda til alle dei som bidreg og gjer ein frivillige innsats for andre. Dei er viktige i eit aldersvennleg og levande lokalsamfunn.
Frivilligheita er for mange vegen til ein aktiv og sosial alderdom. Her gjer ein noko for andre, og som oftast saman med andre, kanskje også med folk ein ikkje kjenner frå før. Ein møtest på stader utanfor heimen og arbeid saman.
Under Arendalsuka vart ordet seniorkrafta hyppig brukt. Mellom anna understreka Wenche Halsen, leiar i Senter for et aldersvennlig Norge, at eldre frivillige ikkje berre er ein ressurs, men også har ein heilt eiga kraft:
– Sett med dei aldervennleg brillene handla det om at vi må leggje til rette slik at dei som vil, kan få bidra med kunnskapen og erfaringa si. Det krev likevel at vi tenkjer nytt – saman, om korleis vi rekrutterer, legg til rette og organiserer seniorrkraften i frivilligheita.
Er årets nykommar i frivilligheita er ein senior?
I år er senioren Finn Kristiansen (72) finalist til Årets nykommar i Frivilligheita, ein pris som delas ut på Frivillighet Norges sin fagkonferanse 5. desember i Oslo. Dei nominerte til denne prisen er heilt vanlege ekstraordinære folk som nyleg har funne ut at dei vil gjera noko for andre i fritida.
Finn bestemde seg for å bli frivillig i då han vart pensjonist:
– Når ein er 70 år har ein framleis mykje å bidra med. Å vera frivillig gir meining i kvardagen og det gjer at eg lærer nye ting.
– Det er fint å sjå at ei senior er nominert til ein slik gjæv pris, fortel Lina Frantzen som representera senteret på markeringa i Oslo.
Fakta om seniorane og frivilligheit
- Andelen frivillige i alderen 67-79 år har auka frå under 40 % til rundt 60 % frå 1998 til 2023.
- 27 % av frivillige over 60 år gjer meir enn 5 timar frivillig arbeid kvar månad, mot 11 % av dei mellom 18-30 år.
- Seniorar som deltek i frivilligheita, har høgare livskvalitet og kjenner seg i mindre grad einsame enn dei som ikkje er frivillige.
- Over to av tre seniorar (60+) vil gjerne vera frivillige, men berre tre av ti har vorte spurt. 69 % av dei over 60 år seier at ingen har prøvd å rekruttera dei det siste året.
Kilde: SSB, Frivillighetsbarometeret
Under kan finn du nokon av dei aktivitetane vi jobbar med for å løfte frivilligheita si betydning i eit aldersvennleg Noreg:
Saman om aldersvennleg frivilligheit
I arbeidet med å skape eit meir aldersvennlig og berekraftig samfunn har senteret ei partnarskapsordning og gjennom den inngått partneskapsavtale med fleire frivillige organisasjonar.
– Vi er svært takknemlege for å ha disse organisasjonane på laget. Dei bidreg på kvar sine områdar og det har stor betydning for at vi skal nå måla om å skape utvikling og synergiar på tvers av sektorar og bransjar, fortel Lina Frantzen som følger opp partnarane frå senteret si side.
Frivilligheit på tvers av generasjonar
Generasjonsmøte har stor verdi og bidreg til inkludering, fellesskap og tilhøyrsle, og motverkar einsemd og utanforskap, noko som kan vere vinn-vinn for begge partar.
Generasjonsleikane
Generasjonsleikane er eit arrangement med aktivitetar som bidreg til mangfald og inkludering på tvers av generasjonar, og der frivilligheita i samarbeid med kommunen står i sentrum. Dei tre siste åra har Senteret for eit aldersvennleg Noreg og Noregs frivilligsentraler hjelpt byar og lokalsamfunn over heile landet med materiale og veileding.
I 2024 deltok om lag 60 kommunar og frivilligsentralar frå heile landet. Påmeldinga for 2025 er allereie open, med påmeldingsfrist 16. januar.
Les meir om Generasjonsleikane og påmeldinga her
Klassevenn
Skulen og fritidsarenaer for barn og unge kan vera arenaer der ein kan skapa verdifulle møte mellom generasjonar, og ein arena der den frivillige seniorressursen kan bidra med si tid, kompetanse og erfaring.
Vi har vore i Sandefjord, der dei har prosjektet "klassevenn". Her har kommunen ved rektor invitert seniorane inn i skulen der dei ut frå deira eigne interesser er saman med elevane i klasserommet. Klassevennene skal vera ein bonus og ei ekstra hjelp for tilsette og elevar, og erstattar ikkje dei ordinære ressursane i skulen.
Les og se mer om klassevenn-prosjektet i Sandefjord
Du kan også lese meir om både klassevenn og Generasjonsleikane i eksempelsamlinga med aldersvennlege tiltak.
Workshop Arendal
Under Arendalsuka inviterte vi i samarbeid med Frivillighet Norge til workshop for å utforske korleis vi kan involvere dei frivillige seniorane i møte med barn og unge. Stikkordet var verdien av generasjonsmøte, og det vart presentert konkrete tiltak der seniorane bidreg med si tid, kompetanse og erfaring for å skape inkluderande og trygge miljø for yngre generasjonar.
Resultata frå workshopen kan du lese meir om her
Seniorar i det frivillige
Gjennom kampanjanen planleggelitt.no og i samarbeid med Frivillighet Norge har vi løfta verdien av å være frivillig – og også synleggjort ulike måtar og aktivitetar ein kan la seg engasjera i. Her har vi også oppfordra kommunane og organisasjonane til å inkludere og invitere seniorane i frivilligheita.
Les meir om samarbeidet med Frivillighet Norge
Besøk kampanjen Planleggelitt.no og bli inspirert.
I Veileder for flere engasjerte seniorar i lokalmiljøet finn du som jobbar i kommunen konkrete metodar, døme, guidar og målar som kan brukast for å engasjera fleire seniorar til frivillig innsats.
Tal og fakta om seniorane i frivilligheita
Det er godt dokumentert at seniorane som engasjerer seg i frivilligheita opplever å ha både betre helse og livskvalitet, enn dei som ikkje er engasjerte i frivilligheita. Vi har fått Statistisk sentralbyrå til å skrive ein artikkel som ser nærare på seniorane si deltaking i frivillige aktivitetar, og korleis desse påverkar livskvalitet og subjektiv helse.